Sitater 1 inntil 20 av 24.
-
Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
eg veit ikkje kva det er. -
Å reise åleine kan ha mykje for seg. Det same kan det å reise saman med nokon, om det då ikkje blir ei heil gruppe, som er sterkt å frårå. Det maksimale bør nok vere tre stykke, og to er vel så bra. Det kjem litt an på kven den eine er.
-
At livet er til å flire av er sjølvsagt; at det er til å gråte yvi er ikkje mindre sjølvsagt; alt som læt seg segja um livet er sjølvsagt. So vert det keidsamt; kvi skal ein segja alle dessa sjølvsagde ting.
-
Dei andres død er ikkje nok. For å kunne skrive, må ein ha vore gjennom sin eigen.
-
Dersom du ikkje sviken var så mang ein gong,
du kjærleik aldri sunge har med rette song. -
Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind. Kjærleik gjer klok.
-
Du rører ikkje ein blom utan stjernone skjelv.
-
Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem, sjølv om han oftast kjem om vinteren.
-
Fisken syt ikkje
um elvi stig.
Men beveren, stakkar,
ottast for sine hus.Elvi stig -
Han skriv, men når han les det etterpå, så er det ikkje noko å vise fram. Det er berre framtvinga ord. Ikkje liv i dei.
-
Han tek ikkje glansen av livet,
han gyller din morgon og kveld.
Og opnar ei dør til dei salar,
der ævelig høgtid du held.Han tek ikkje glansen av livet.
For den fullstendige teksten se: www.staverloekk.no
Alle ikkje kjente sitater og ordtak du alltid finner på Aforismen.no